Send storm - ein Jakob Sande diktkonsert

Ein sårare og meir kraftfull Jakob Sande i eit landskap av elektronisk og ambient musikk.

page view image
Evenemangsdatum

lördag 10 aug 2024 18:00

avslutas lördag 10 aug 2024 19:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

Medlem i Jakob Sande - selskapet
Ikkje medlem i Jakob Sande - selskapet
Følgeperson
Ungdomsbillett (opp til 19år)
Frivillig
event image

Evenemangsinformation

I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og komponist Viljar Losnegård nye rom i Jakob Sande si dikting, både ved å bruke mindre kjende dikt, men også ved å leite etter fleire tonar i dei dikta vi kjenner aller best.

Det er mykje sårheit og alvor i diktinga til Jakob Sande. Ei kjensle av å vere utstøytt, einsam og innestengd i eige liv. Eit enormt behov og ein kamp for å få uttrykke seg, og ein lengt som er så sterk at ein til slutt ikkje klarer å halde tilbake og må sleppe stormen laus.

‘Ein fornyar av nynorsk lyrikk’ vart det sagt om Jakob Sande då han debuterte som forfattar. Det endra seg etter krigen. Populære radioprogram og platesuksessar gjorde at han helst vart oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar, noko han aldri slo seg til ro med.

Musikken til Viljar Losnegård skildrar heile spekteret av kjensler, men bukkar av der teksten bør stå åleine. Dei visuelle rammene til Marianne Stranger og lysdesignet til Krystian Myska speler på lyset og mørket i dikta og gir ein smakfull konsertestetikk. Vokalen til Idun Losnegård bølgar mellom insisterande kraft og kjenslevare sukk og snakkar hudlaust og nært til publikum.


«Send storm» er ein samproduksjon mellom Jakob Sande senter for forteljekunst og Teater Vestland.

Framsyninga er ei vidareutvikling av den nyskapande «Lengt» av Losnegård og Losnegård (2021), som er utvikla etter idé av Idun Losnegård og i samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst og Teater Vestland.

Taggar

forteljekunst
Arrangör
Jakob Sande - senter for forteljekunst