Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

15.07.2026 10:00 @ Nikka Vonens pikeskole på Steia
Bokstaveleg bokbad med Siri Bjorstad Hjermann

Eit friskt fjordbad og ein time med høgtlesing har vist seg å vere ei populær oppskrift. 31. juli inviterer Siri Bjorstad Hjermann til Bokstaveleg Bokbad i Fjaler.

31.07.2026 19:00 @ Jakob Sande - senter for forteljekunst
Forteljekunstakademiet dag 1 og 2

Vil du utvikle dine evner til å fortelje munnleg og skriftleg? Med sats i arven etter «hjartedannaren» Nikka Vonen, inviterer vi til Forteljekunstakademiet «Du kan!».

13.08.2026 10:00 @ Jakob Sande - senter for forteljekunst
Forteljekunstakademi dag 1 torsdag 13. august

Vil du utvikle dine evner til å fortelje munnleg og skriftleg? Med sats i arven etter «hjartedannaren» Nikka Vonen, inviterer vi til Forteljekunstakademiet «Du kan!».

13.08.2026 10:00 @ Jakob Sande - senter for forteljekunst
Forteljekunstakademi dag 2 fredag 14.8

Vil du utvikle dine evner til å fortelje munnleg og skriftleg? Med sats i arven etter «hjartedannaren» Nikka Vonen, inviterer vi til Forteljekunstakademiet «Du kan!».

14.08.2026 10:00 @ Jakob Sande - senter for forteljekunst
Familieframsyninga Mieko danser

Mariko Miyata-Jancey kjem til Fest i Fjaler med eit barneprogram basert på den prisvinnande biletboka Mieko danser. Gjennom forteljing, rørsle og samtale møter borna Mieko, som elskar å danse og som utfordrar forventningar til kjønn og identitet.

15.08.2026 12:00 @ På Lokalet i Studio Nova
Hege Duckert om Katti Anker Møller

Få med deg Hege Duckert sitt føredrag om ei av pionerane i norsk kvinnekamp, Katti Anker Møller, i Løa denne laurdagen under Fest i Fjaler.

15.08.2026 12:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Aina Basso i samtale med Hege Duckert

Møt Aina Basso i samtale med Hege Duckert om ungdomsromanen Før det blir morgon laurdag under Fest i Fjaler.

15.08.2026 13:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Ove Eide om kvinnene i Sande sin forfattarskap

Korleis skildra Jakob Sande kvinnene i dikt og noveller? Sande-biograf Ove Eide har sett nærare på kvinneportretta i forfattarskapen – frå fattige bygdekvinner og sterke personlegdomar til konfliktfylte relasjonar og kvinnefigurar prega av tronge livsvilkår.

15.08.2026 15:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Oddrun Midtbø om lobotomi

Kvifor vart det sagt at lobotomi «passa spesielt godt på kvinner»? Korleis gjekk det med Ellinor Hamsun, ei av mange kvinner som blei utsett for «mirakelkuren»? Og var forfattar Oddrun Midtbø si grandtante blant dei lobotomerte kvinnene? Forfattaren møter leiar ved Nordisk Kunstnarsenter Dale, Kira van Hoegee til samtale.

15.08.2026 16:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Fest i Fjaler: Augustikveld i Klokkargarden

Vi feirar forteljekunsten, årets tema "kvinna" og Jakob Sande sin 120-årsdag med eit variert program frå utescena i Klokkargarden.

15.08.2026 20:00 @ Klokkargarden i Jakob Sande-senter for forteljekunst
Nattspel med Black Hauge

Black Hauge avsluttar laurdagskvelden under Fest i Fjaler med nattspel i tunet 15. august! Der møtast Olav H. Hauge si ikoniske røyst og dikting eit av dei mest nyskapande kunstnariske samarbeida i landet. Gjennom sampla opptak, improvisasjon og eksperimentell musikk gir Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio nytt liv til Hauge sine ord. Resultatet er ei særprega framsyning der poesi, lyd og kulturarv blir utforska på nytt.

15.08.2026 23:00 @ Klokkargarden i Jakob Sande-senter for forteljekunst
Hannah Arendt – ein politisk tenkar. Ein samtale mellom Arild Linneberg og Janne Sund

Hannah Arendt sine tankar om fridom, ansvar og demokrati er meir aktuelle enn nokon gong. Arild Linneberg og Janne Sund samtalar om livet, verka og arven etter ei av det 20. hundreårets viktigaste politiske tenkarar.

16.08.2026 13:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
page view image

Jakob Sande - senter for forteljekunst

Gata : Nikka Vonens veg 31-35
Stad : Dale i Sunnfjord