Ammer frå Sunnfjord // Kristine Ness fortel

På 1700- og 1800-talet reiste fleire kvinner frå Sunnfjord til Bergen for å tene som ammer for velståande familiar. Kva fekk gifte koner til å forlate eigne barn, og korleis reagerte samfunnet? Dette har Kristine Ness ved Sunnfjord Museum forska på, med utgangspunkt i livet til husmannskona Marte Movik. Laurdag 30. juli kl. 18 held ho føredrag om temaet i Løa i Sandesenteret, der det òg vert høve til samtale etterpå.

page view image
Evenemangsdatum

onsdag 30 jul 2025 18:00

avslutas onsdag 30 jul 2025 19:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Medlem i Jakob Sande - selskapet
Ikkje medlem i Jakob Sande - selskapet
event image

Evenemangsinformation

På 1700- og 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner tente som ammer for rike familiar sine barn. Dette har Kristine Ness, som er konservator på Sunnfjord Museum, forska på. Ho har gått inn på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn for å ta arbeid i Bergen, og korleis samfunnet rundt dei oppfatta det. Ness har tatt utgongspunkt i livet til Marte Movik, som levde på husmannsplassen i Movika. Ness held føredrag om Marte Movik og andre sunnfjord-ammer i Løa i Sandesenteret 30. juli kl.18. 

Etter føredraget vert det høve til å stille spørsmål eller fortelje til Kristine.


Kristine Ness er konservator/arenaleiar Tinghuset i Musea i Sogn og Fjordane. 

Billett i Ticketco eller i døra. 

Programmet er i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane.

Arrangör
Jakob Sande - senter for forteljekunst