page view image

Undervisningskunst på Steia Gard

Velkomen til ein bolk med faglege innlegg og praktiske øvingar om pedagogikk og formidling. Økta blir leia av universitetslektor ved UiS Sigrid Sandemose.

Informasjon
event image

Kva kjenneteiknar undervisning og læringssituasjonar ein hugsar lenge etterpå? Går det an å lære noko utan å ha blitt utfordra og forandra? Kva skal til for at læringsstoffet rører ved elevane? Og korleis kan ein legge til rette for at dei held seg aktive gjennom læringsprosessar?

Vi samlast på Steia gard, i huset der Nikka Vonen i si tid underviste og styrte skulen. Nikka Vonen var ein markant pedagog og skulegrunnleggjar som sette elevane si aktive deltaking, praktisk læring, danning og dialog i sentrum. Den pedagogiske arven hennar kan framleis gi inspirasjon til undervisninga i dag. 

«Fagleg læring kan ikkje skiljast frå sosial læring» (LK20).

Med utgangspunkt i overordna del av LK20 blir det samtalar, undring og kanskje ei vandring, medan vi utforskar kva undervisningskunst kan vere, og kva rolle dialog, relasjonar, kropp og rørsle kan spele for læring og danning.

Samlinga vekslar mellom korte faglege innspel og praktiske aktivitetar. Gjennom dialogiske arbeidsmåtar vil vi saman reflektere over skulen sitt doble oppdrag: utdanning og danning.

Vi vil prøve ut nokre arbeidsformer som kan styrke elevane sine munnlege ferdigheiter, refleksjonar og relasjonar. Kanskje tek du med deg nokre metodar eller innfallsvinklar som kan brukast i klasserommet frå første skuledag, i alle fag og med alle elevar, også dei som oftast vel å vere stille.

Samlinga eignar seg for lærarar, lærarstudentar og alle som er interesserte i undervisning, læring og lokal skulehistorie.

Styreleiar i Nikka Vonen venelag, Siri Ingvaldsen introduserer. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nikka Vonen venelag og Jakob Sande-senter for forteljekunst. 

Er du påmeldt heile akademiet treng ikkje tinge dette!