page view image

Turisme i gamle Sunnfjord // Mary Ann Menes fortel

Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet

Informasjon
event image

Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer mange tilreisande og besøkande velkomne i tunet. Museumspedagog frå Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, Mary Ann Menes, tek oss med på ei reise tilbake i tid gjennom historier om gamle overnattingsstader, reiseruter og kjøpesterke gjester som reiste til Sunnfjord. Kva søkte dei tidlege turistane som reiste til Sunnfjord, og kva tilbod møtte dei? Vi ser på korleis reisehandbøker frå 1880-talet presenterte området, og kva lokale næringar som vaks fram kring turismen.

Mary Ann Menes er museumspedagog på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Programmet er i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane.