page view image

Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas

Synneva Gjelland med band legg meining bak kvar tone, og saman har dei ein energi og formidlingsevne som kan treffe publikum midt i magen. Med folkemusikken i botnen er låtane litt som å kome heim til noko kjend, utan at ein veit heilt kva som kjem rundt neste sving. Dei vil ut med musikken og tekstane, med speleglede og eit ynskje om å fortelje fleire om Halldis Moren Vesaas og hennar sterke dikting.

Informasjon
event image

Synneva Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren, men med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane ho kjenner seg heime. 

Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet med fela på ryggen og songane på lur. Med seg har ho Svein Laingen Kjerland, ein “young and promising” folkemusikar frå Granvin i Hardanger, Johanna Seim som kom frå Berlin til Rauland for å spele norsk folkemusikk, og Pål Jørgen Volan som omsider bytta ut bossa nova med rudl og springar.

SYNNEVA GJELLAND - Sang, piano, gitar & komposisjon
SVEIN LAINGEN KJERLAND - Fele
JOHANNA SEIM - Hardingfeler
PÅL JØRGEN GJELLAND - Kontrabass

Hausten 1929 debuterte to unge lyrikarar. Jakob Sande hadde endå ikkje fylt 23 år. Halldis Moren var 21. «Du ser meg i augo» heiter eit dikt i debutsamlinga til Halldis «Harpe og dolk». «Eg ser inn i augo dine» heiter eit dikt i debutsamlinga til Jakob «Svarte næter». Slik vart det. Dei såg kvarandre i augo, Halldis og Jakob, den hausten. Mange kjærleiksbrev seinare skriv han til henne frå Buenos Aires i 1933: «Hadde eg berre vore so pass kar i 1929 som no, so skulde mangt ha blitt onnorleis.» 

Konserten er ein del av markeringa av Jakob Sande sin 120årsdag 1. desember. 

Konserten vert i Løa nede.