page view image

Seminar om Gunnhild Øyehaug sin forfattarskap

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.

Informasjon
event image

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Grunngjevinga er hennar omfattande forfattarskap, hennar viktige bidrag i ulike litterære sjangrar som ho tøyer og eksperimenterer med, hennar solide og utforskande nynorske skriftspråk, og ikkje minst hennar utfordrande og absurde litterære framstillingar.

Gunnhild Øyehaug (f. 1975) vaks opp i Ørsta og bur no i Bergen. Ho debuterte med diktsamlinga «Slaven av blåbæret» i 1998, medan den første romanen «Vente, blinke» kom i 2008 og inspirerte 2015-filmen «Kvinner i for store herreskjorter».

I 2026 er ho aktuell med boka «Elskarane mine» på Kolon forlag.

Øyehaug er Årets festspeldiktar i Bergen 2026 og har blant anna fått Aschehougprisen (2026) Amalie Skram-prisen (2025), Nynorsk litteraturpris (2024 og 2008), O. Henry Prize for Short Fiction (2022), Prins Eugens Kulturpris (2010), Sultprisen og Doblougprisen (2009), Tanums kvinnestipend (2007) og Bjørnsonstipendet (2006).

Samlagsprisen er ein årleg pris som går til ein forfattar som skriv nynorsk, uavhengig av forlag. Prisen vekslar annakvart år mellom å gå til ein forfattar som skriv sakprosa og ein som skriv skjønnlitteratur. Prisen er på kr 50 000. Juryen: Gunnstein Akselberg, Ingvild Bræin og Erling A. Westgaard Flote.

Program:

Samtale, helsingar og utdeling: 

Velkomen og helsing frå Sandesenteret ved redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar i Sandesenteret, Tora Hope. 

Orientering om Samlagsprisen v/Gunnstein Akselberg

Utdeling av Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug ved ordførar i Fjaler Leif Jarle Espedal

Grunngjeving for tildelinga av Samlagsprisen v/Ingvild Bræin

Helsing frå forleggar Bjørn Wiedlocha Aagenæs, Kolon forlag

Samtale med Gunnhild Øyehaug v/Erling A. Westgaard Flote

12.00: Lunsj 

12.45–15.30: Seminaret «Gunnhild Øyehaug i eit nøtteskal» 

  • Skuleelevar og studentar frå RCN United World College stiller spørsmål til Gunnhild Øyehaug. UWC har framsyning av ei dramatisert scene frå «Gunnhild, kona til Eirik Blodøks». 
  •  Framsyning av Gunnhild Øyehaug/Yngvild Sve Flikkes film Eple
  • Juryens yndlingssitat frå Gunnhild Øyehaugs litterære univers
  • Litterære kjenneteikn hos Gunnhild Øyehaug v/ Ingvild Bræin
  • Oppsummering og takk for no v/ Gunnstein Akselberg og Rakel C. W. Solheim

Bli med på markeringa og seminar. Meld deg på her.

Vaksen: 500,- inkl. lunsj. 

Student/pensjonist: 250,- inkl. lunsj. 

Støttegivarar: Sandesenteret, Det Norske Samlaget/Litteraturselskapet, Norsk Forfattersentrum, Kolon forlag.