page view image

Litteratursalong med Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan. I Løa

Møt Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan om hennar nyaste bok, Menn som nesten elska meg. I denne ærlege og sårbare memoarforteljinga skildrar Sele sju år med dating, forelskingar, kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv.

Informasjon
event image

Katrine Sele (f. 1972) er ein prisvinnande forfattar med sju bøker bak seg. Ho er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Sele er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. 


Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
 

Teresa Grøtan (f. 1974) er festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har bakgrunn som journalist og forfattar, og har ein Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Grøtan har gitt ut fleire bøker, sist Før øya synker (2018). Ho leia sakprosafestivalen og samtaleserien Verden i Bergen, var redaktør for Syn og Segn og grunnla magasinet Global Knowledge. I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene sine for barn og unge. 

 

Programposten er i samarbeid med Samlagsrota. 

Billett på Ticketco eller i døra. 

forteljekunst