page view image

Barna som blir svikta // Litterær samtale med Brynjulf Jung Tjønn leia av Katrine Sele

Kva er omsorgssvikt for noko, og korleis kan det sjå ut? Kva skjer inni hovudet til ein far eller ei mor som ikkje klarer å ta vare på barnet sitt? Og korleis skal barnet finne eit språk for å snakke om dette til omverda?
I bok etter bok har Brynjulf Jung Tjønn utforska desse spørsmåla. Han viser oss dei barna som blir svikta – korleis verda ser ut frå deira ståstad, og kva slags spor det etterlèt seg når eit barn veks opp utan den omsorga det treng.

Informasjon
event image

Under denne samtalen vil han i lag med samtaleleiar Katrine Sele dykke ned i fire romanar: Eg kom for å elske (2002), Lyden av noen som dør (2008), Alt det lyse og alt det mørke (2017) og Kvar dag skal vi vere så modige (2021). Dei vil snakke om svik, omsorg, håp og lengt i desse sårbare liva - og korleis sjølv eit veldig ungt menneske kan finne måtar å redde seg sjølv på. 

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er i 2013, i 2019 blei Smadra (2018) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Tjønn mottok P2 lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige i 2021, Kritikerprisen i 2022 for diktboka Kvit, norsk mann. 

Katrine Sele er journalist og sakprosaforfattar. Bøkene hennar er prega av interesse for, og perspektiv på, enkeltmenneske sine liv og lagnader i vår tid. Sele har mellom anna motteke Samlagsprisen for sin forfattarskap.

Under Fest i Fjaler vert det eit møte og ein samtale mellom Tjønn og Sele i Løa.
I samtalen vil Sele og Tjønn setje lys på forteljingane om barn og føresette, om omsorg, håp og ikkje minst årets tema i Sandesenteret Lengt.

Foto av Maria Kleppe Vihovde og David Zadig.