Kurs i improvisasjon – å finne historia her og no
Kurs i improvisasjon med Veslemøy Mørkrid. Kurset handlar om å finne historia her og no. Deltakarane vil lære teknikkar som handlar om å vere komfortabel med å feile, ta konkrete val, seie ja og byggje vidare på vala ein har tatt. Kursdeltakarane vil også få arbeide med enkle dramaturgiske strukturar for å skape ei heilskapleg forteljing i augneblinken.

Veslemøy Evenstad Mørkrid (fødd 1982) er ein norsk skodespelar og improvisatør med lang erfaring frå scene, lerret og TV. Ho er utdanna ved Nordisk Institutt for Scene og Studio og International Theatre New York, og vart noregsmeister i Teatersport i 2008. Veslemøy er medlem av Teater Liksom og ensemblet på Det Andre Teatret.
Ho har drive med improvisasjon sidan tidleg på 2000-talet og har både nasjonal og internasjonal erfaring. Veslemøy er kjent for sitt kreative driv, har initiert ei rekke unike framsyningar og format, og jobbar òg med regi. Ho kombinerer kunstnarleg talent med ei leiken tilnærming og er ei sentral figur i improvisasjonsmiljøet.
Kurset har avgrensa plassar. Meld deg ved å kjøpe billett til heile akademiet eller kurset åleine via Ticketco.
Har du spørsmål? Ta kontakt på rakel@jakobsande.no
Foto: Anne Valeur