page view image

Jakob Sande-kveld i Nynorskens hus

Det vert kunstnarlege innslag, allsong, samtalar, kaffi og kake når Vikværingen mållag, Bondeungdomslaget, Samlagsrota, Den Mangfaldige scenen og Sandesenteret arrangerer Sande-kveld i hovudstaden.

Informasjon
event image

For 95 år sidan debuterte Jakob Sande med diktsamlinga «Svarte næter». Lanseringa fann stad i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) sine lokale, no kalla Nynorskens hus. Difor er nettopp denne staden ein naturleg stad for ei feiring av jubileet. Det er også 125 år sidan BUL blei stifta, og Jakob Sande-kvelden er ein del av det offisielle jubileumsprogrammet til BUL.

I 2006 ga Ove Eide ut biografien om Jakob Sande. Om debuten skriv han mellom anna: "Med Svarte næter trefte Jakob Sande noko i samtida si og var ein frisk pust i landsmålslyrikken. Rolv Thesen har i ettertid skildra Sandes debut slik: Ein frisk pust var Jakob Sande. Her kom ein ung diktar som hadde evna til å sjå seg ikring, sjå kva som hende idag, og som kunne fortelje om det utan store fakter og mystiske ord. Ikkje til å undrast på at han straks vart populær, særleg mellom dei unge. Han tala om ting som vedkom dei".

I 1929 markerte Jakob Sande sin litterære start, og i 2020 opna Jakob Sande – senter for forteljekunst i heimbygda til Jakob i Dale. No går Vikværingen, Samlagsrota, Den mangfaldige scenen, Bondeungdomslaget i Oslo, og Jakob Sande – senter for forteljekunst saman om å markere både jubileet og framtida for Jakob Sande-senteret med forteljing, dikt og song. Det skjer i Teatersalen i Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8 i Oslo.


Førebels program:

🎻Velkomen ved arrangørane. 

🎻Bandet Astera med tingingsverk

🎻Urframføring Jakob og Halldis, Jon Werede Hope, Adanne Lin-ji Ezimona Sætereie, Den mangfaldige scene

🎻 Den mangfaldige Jakob Sande. Føredrag ved Ove Eide

🎻Bygdelagskoret Blåne framfører Fløytelåt. 

🎻 Forteljekunst i fortida, notida og framtida ved Sandesenteret. Språkprofessor Gunnstein Akselberg i samtale med Tora Hope, Liv Hege Skagestad og Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim.

🎻Kunstnarleg innslag ved Den mangfaldige scenen og Sandesenteret. Eg skal vere fjellet, Jeaninne Masika Harrysson og Sigrid Felde.

🎻 Helsingar

🎻 Allsong leia av Ingvild Bryn

🎻 kaffi og kake

🎻 NRK-filmen om Jakob Sande


Velkomen!