page view image

Ei ny tid for Isak Sellanraa? Føredrag og filmframsyning.

Kva kan Knut Hamsuns Markens grøde seie oss i dag? Før den nye filmframsyning av Markens grøde inviterer vi til føredrag med Alvhild Dvergsdal om Hamsun, naturen og mennesket si søking etter meining i ei uroleg tid.

Informasjon
event image

Denne hausten kjem Knut Hamsun sin tidlause klassikar «Markens grøde» til det store lerretet i kinofilmen med same namn. Det er knytt store forventningar til regissør Hans Petter Moland si tolking av romanen.
Tysdag 3. november inviterer Jakob Sande-senter for forteljekunst, Rom for ord til føredrag med Alvhild Dvergsdal i forkant av filmframsyninga. Dvergsdal er fag- og forskingsleiar ved Hamsun-senteret på Hamarøy og har slekts-røter i Sunnfjord.
I lys av tida vi lever i, der spørsmål om berekraft, beredskap og mennesket si tilknyting til naturen er mellom dei vi er mest opptekne av, vil ho trekke linjer mellom Hamsun sine bodskapar og innsiktene vi kan ha bruk for i vår tid. Kanskje varslar Isak Sellanraa om at det kjem ei ny tid for å finne jording og meining i det som gror.
Dvergsdal vil òg utforske ulike måtar å nærme seg Markens grøde på, med vekt på korleis romanen har blitt lesen, tolka og vurdert frå Hamsun si eiga samtid og fram til i dag, og kva det er ved boka som framleis fascinerer og engasjerer nye lesarar.

Om filmen:
Hans Petter Moland bringer Knut Hamsuns udødelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet
Den prisløna regissøren Hans Petter Moland bringer Knut Hamsun sitt udødelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet, med Herbert Nordrum («Verdens verste menneske») og Asta Kamma August («Hendelser ved Vann») i hovudrollene.
Det er sein haust. Isak kjempar for å overleva i villmarka. Over fjellet dukkar ein dag Inger opp. Ut av eit møte i nød veks kjærleiken. I nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skapa eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft byggjer dei garden Sellanraa opp frå ingenting. Når ein mørk løyndom kjem til overflata, blir kjærleiken sett på prøve.

I andre roller møter vi mellom andre Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo, Oddgeir Thune og Sjur Vatne Brean.

Filmen er basert på Hamsun sin Nobelprisvinnande roman frå 1917, og er ein av dei viktigaste verka i norsk kulturhistorie. Det er ei storslått forteljing om kjærleik og mennesket sin plass i den vakre og nådelause naturen.

1800: Føredrag i Løa i Jakob Sande-senter for forteljekunst.
1900: Filmframsyning på Fjaler kino i Trudvang. Billett i døra.

Det vert mogleg kjøpe med seg Markens grøde under arrangementet. Den kan også kjøpast i Gamle skulehuset laurdagar 11-14.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Rom for ord, Fjaler kino og Jakob Sande-senter for forteljekunst.

forteljekunst