Boksamtale Odelsskam
Jakob Sande senter for forteljekunst og Rom for ord inviterer til kveldssete i løa med samtale og refleksjonar kring å halde fast eller gje slepp på odelsjorda. Å møtast og snakkast kan gjere det lettare å finne gode løysingar både for seg sjølve, for bygda og fellesskapen. Leif Jarle Espedal samtalar med Maria Lavik og om odelsretten og plikta som tvangstrøye eller kjelde til skaparkraft og arbeidsglede.

-I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg?
I boka "Odelsskam" skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?
"Odelsskam" skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. "Odelsskam" er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Det vert boksal og open bar under arrangementet.