Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Formidlarar i musea og ved vitensenter spelar ei nøkkelrolle. Dei er blant framtidas forteljarar – og dei treng fagleg støtte, nettverk og inspirasjon for å halde arven levande. Vi ønskjer å utforske korleis eit framtidig akademi for museumssektoren kan byggjast opp – eit akademi som styrkjer kompetansen til formidlarar og gir rom for utvikling, inspirasjon og fagleg fellesskap.
Under akademiet inviterer vi til samtale mellom Bergljot Øyrehagen Geist frå IBSEN Museum & Teater, Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret, Anne Kristin Moe frå Musea i Sogn og Fjordane og Sigrid Sandemose frå Universitetet i Stavanger. Samtalen vert leia av Liv Hege Skagestad frå Sandesenteret/Den Mangfaldige scenen.
Anne Kristin Moe Fitje er kulturhistorikar og museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Musea i Sogn og Fjordane. Ho har bakgrunn frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkemuseum, og har i fleire år jobba med immateriell kulturarv knyt opp mot museumssektoren. I 2009 sat ho i referansegruppa for implementering av Unescos konvensjon om immateriell kulturarv i Norge, og i 2021 leia ho arbeidet med å konkretisere etiske retningslinjer knytt til immateriell kulturarv i Norske ICOM (International Council of Museums). Ho har sidan 2019 ho vore i styret for fagseksjon for immateriell kulturarv i Norges Museumsforbund, og styreleiar sidan 2021.
Sigrid Sandemose er universitetslektor i nordisk litteratur og norskdidaktikk ved Universitetet i Stavanger, er med i FUI-gruppa MUFF (Museum for framtiden), som arbeider for tverrfagleg dialog om læring på museum og vitensenter. Arbeidsgruppa fungerer som støtte for forskingsbasert undervisning i det nye studieprogrammet vårt, «Museumspedagogikk – deltid over eitt år». Sigrid er oppteken av litteraturformidling og engasjerande undervisning i allsidige læringsarenaer, særleg når det gjeld lærarutdanningane ved UiS.
Bergljot Øyrehagen Geist er museumspedagog ved Ibsen Museum & Teater, og brenn for å gjere Henrik Ibsens dramatikk relevant og tilgjengeleg for nye generasjoner. Bergljot har særleg fokus på barn og unge, og står bak formidlingsprosjekta IBSEN for barn og Ibsen Ung. IBSEN for barn er retta mot aldersgruppa 6–10 år og formidlar Ibsen gjennom leik og drama. Ibsen Ung, eit initiativ frå Geist, rettar seg mot 9. klasse og brukar Peer Gynt som utgangspunkt for pop-up-teater, verkstader, film og sceniske uttrykk.
Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff. Ørjan har skrive fleire fotballbøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som både er nominert til ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen. Ørjan arbeider som formidlar og lesevitar ved Garborgsenteret. Garborgsenteret formidlar Arne og Hulda Garborg, to viktige forfattarar og samfunnsaktørar, sine historier.
Liv Hege Skagestad er kunstnarleg leiar ved Den Mangfaldige Scenen og Nynorskens hus i Bondeungdomslaget i Oslo. Ho var initiativtakar til Den Mangfaldige Scenen og er sentral i oppbygginga av Jakob Sande-senter for forteljekunst, der ho no er tilsett som rådgjevar. Skagestad har hatt fleire leiande stillingar i statleg kultur- og miljøforvaltning, mellom anna innan kulturarv og kulturelt mangfald.