Kurs i dialog og leiing ved organisasjonspedagog Dorrit Vignes - fredag
Har du tenkt over kor skjør dialogen er, spesielt når sterke kjensler er involvert og temaet handlar om moral? Slike situasjonar kallast kritiske kvalitetsaugeblikk, og det er viktig å verne om dialogen då. I denne workshopen utforskar vi kritiske kvalitetsaugeblikk i organisasjonar: Kva er dei, og kvifor er det viktig å handsame dei konstruktivt? Vi brukar verktøya til dramapedagogen Augusto Boal for å trene på å gje og ta imot kritiske kvalitetsaugeblikk.
Dorrit Vignes er organisasjonspedagog, forfattar av kulelagermodellen og Store norske leksikons artikkel om ytringsklima og sjølvutnemnt kulelagerprofet. Ho kjem til Fjaler for å dele kunnskap og erfaringar om dialogens og etikkens rolle i endringsleiing. Dorrit Vignes er utdanna allmennlærar og har ein Executive Master in Business Administration frå Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger. Ho har størstedelen av yrkeslivet jobba som leiar i ideell og privat sektor og er for tida spesielt oppteken av ytringsklima, dialog, etikk og korleis traumeskam påverkar ytringsklimaet i organisasjonar.