Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Det var slik dei hugsa. Det var slik eit folk utan ord på papir sette sine spor, i ei jord dei streva for å få ta vare på.
Slik forklarar Tina Harnesk den munnlege, samiske forteljartradisjonen som pregar slektskrøniken «Folk som sår i snø».
Ingen skal komme og fortelje 85-årige Máriddja at ho skal døy. Og det er i alle fall ingen som skal fortelje det til ektemannen Biera. Den einaste ho betrur seg til, er Siri, den hjelpsame dama i mobiltelefonen.
Frå fjellet utanfor Arvidsjaur der ho bur, har den lulesamiske forfattaren skapt eit uforgløymeleg og fargerikt persongalleri i ei historie som fløymer over av myter og anekdotar som ein hyllest til den munnlege forteljekunsten. Bak den sorgmuntre forteljinga finst eit alvor som syner at respekten og ansvaret for naturen, snøen, dyra og dei tradisjonelle levemåtane kan setje oss på sporet av eit betre tilvere: Å vere knytt til eit landskap er ein rikdom.
«Folk som sår i snø» vart kåra til årets bok i Sverige i 2023. Møt Tina Harnesk og høyr henne reflektere over den samiske forteljekunsten som inspirasjonskjelde i den litterære skrivinga måndag 1. september kl 19 i Løa.
Arrangementet er i samarbeid med Rom for ord.
Billettar i Ticketco og i døra.