Årets siste sommarsalong – Vivian Midttveit fortel.

I frigjeringsåret 2025 er det viktigare enn nokon gong å løfte fram historia om motstand, offer og konsekvensar frå andre verdskrig. Forfattar Vivian Midttveit kjem for å dele gripande forteljingar frå boka si, Krigens fargar: Levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg, der ho gir stemme til ei av dei mest dramatiske hendingane i norsk krigshistorie.

page view image
Evenemangsdatum

söndag 10 aug 2025 14:00

avslutas söndag 10 aug 2025 15:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Medlem i Jakob Sande - selskapet/samlagsrota
Ikkje medlem i Jakob Sande - selskapet/samlagsrota
event image

Evenemangsinformation

Gjennom føredraget tek Midttveit oss med til heimbygda si, Telavåg, som under krigen vart utsett for statsterrorisme av det nazistiske regimet. Med sterke personlege forteljingar og historisk innsikt gir ho nytt liv til denne unike delen av norsk historie – eit kapittel prega av motstand, hemn, tap og overleving. Eit sentralt bodskap i føredraget er kor viktig det er å ta vare på den personlege historieforteljinga. Når slike forteljingar går tapt, mister vi viktige brikker i vår felles forståing av fortida.

Velkomen til eit engasjerande og tankevekkande føredrag som minner oss om kor viktig det er å bevare og vidareføre historia. Billettar på Ticketco og i døra. 

Arrangör
Jakob Sande - senter for forteljekunst