page view image

Todagers kurs med Irene Kinunda Afriyie

Bli med på inspirerande kurs under Forteljekunstakademiet i Fjaler! Vi byr på spanande kurs i både skriving og munnleg formidling – perfekt for deg som vil bli tryggare på å uttrykkje deg, anten på papiret eller framfor eit publikum.

Information
event image

Torsdag 19. juni: Skrivekurs med Irene Kinunda Afriyie
Lær kunsten å skrive klare og overtydande tekstar. Irene fortel og deler sine beste råd for å bygge opp argument og tankerekkjer på ein effektiv og engasjerande måte.

Fredag 20. juni: Kurs i munnleg formidling
Utforsk kva det vil seie å presentere synspunkt og idear på ein overtydande og tydeleg måte. Gjennom praktiske øvingar og nyttige råd vil du få verktøy for å bli ein meir medviten og trygg talar.


Irene Kinunda Afriyie er ein erfaren samfunnsdebattant, føredragshaldar og forfattar. Ho er kjend for sin nyanserte og varme stil, og fekk i 2023 journalist Sjur Holsens minnepris for sitt arbeid med formidling. I boka Eg er fordi du er – forteljingar om mitt Noreg deler ho humoristiske og tankevekkande innsikter om integrering og norsk kultur. Irene var ein del av Fest i Fjaler- programmet i 2024, der ho fortalde og las under Augustikveld i Trudvang. No inviterer vi ho tilbake for å halde kurs. 

Stad: Jakob Sande - tunet og Steia Gard

 

Kan du berre vere med på dag 1 eller dag 2? Ta kontakt på epost: rakel@jakobsande.no