page view image

Konsert med Gabriels Novgorod i Løa

Laurdag 7. mars kjem Gabriels Novgorod tilbake til Fjaler, med musikk som smeltar saman tekstar av vestlandsforfattarar med melodiar frå Østersjøområdet.

Information
event image

Løa i Fjaler får igjen besøk av eit ensemble som har utvikla eit sterkt forhold til staden og publikumet her. Laurdag 7. mars kjem Gabriels Novgorod tilbake med musikk som smeltar saman tekstar av vestlandsforfattarar med danserytmar og melodiar frå Østersjøområdet.

Repertoaret omfattar finsk humppa, jiddisk tango, nordsvensk swing og valser, side om side med songar baserte på tekstar av Ragnar Hovland, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Musikken er prega av fleire språk, fleire tradisjonar og eit samspel som har vakse fram gjennom mange år på scena.

I Gabriels Novogord møter du David Chelsom Vogt, Jørgen Sandvik, Kristoffer Chelsom Vogt og Gabriel Fliflet.

David Chelsom Vogt og stordabuen Jørgen Sandvik har spelt saman sidan dei var barn. Mange kjenner dei frå Real Ones, som fekk Bylarmprisen i 2007 og Spellemannsprisen i både 2009 og 2013. Sandvik mottok òg Spellemannsprisen for si soloplate i 2018. Erfaringa deira frå både folk, rock og improvisasjon pregar samspelsforma i Gabriels Novgorod.

Kristoffer Chelsom Vogt, som har motteke fleire prisar for arbeidet sitt, spelar både i Kniv og Taffel Swingjazzorkester og i fleire prosjekt saman med Fliflet, mellom anna Jon Fosse‑verket Åresong. Både han og Sandvik var sentrale i bestillingsverket Valseria til Vossa Jazz i 2013, og i prosjekta Sanger fra byen og Sevje.

Gabriel Fliflet har vakse opp omgitt av songar på svensk, finsk, norsk, tysk og fleire andre språk. Han blei kåra til Årets folkemusikar i 2011, og mange kjenner han frå det langvarige samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre. I Gabriels Novgorod nyttar han mellom anna si inngåande kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland.

Gabriels Novgorod blei danna i 2003 og har sidan spelt på scener som Festspillene i Bergen, Oslo World, Nattjazz, Fest i Fjaler, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Musikarane har bakgrunn frå prosjekt som Real Ones, Fliflet/Hamre, Kniv og Taffel Swingjazzorkester og fleire bestillingsverk for Vossa Jazz. 

Velkomen til konsert!

Dørene opnar kl. 19.30. Konsertstart 20.30.

Open bar til 24.00.