Forteljekunstakademiet 18.-21.juni // Påmelding heile akademiet - tre dagar
Eit akademi for alle som ønskjer utvikle sine evner til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.

Akademiet inneheld kurs innom munnleg og skriftleg forteljekunst, kurs i verselesing, samtalar, føredrag og vandringar. Sjå nettsida vår www.jakobsande.no for oppdatert program og tider.
Du må melde tilbake kva for eit av dei parallelle kursa du vel dag 2 og 3. Mail til rakel@jakobsande.no.
Program (kan kome endringar)
Onsdag 18. juni
1000-1300 Forkurs Munnleg forteljekunst // Verslesing ved Idun Losnegård og Rolf Losnegård på Steia gard. Deltakarane vil få innføring i arbeidet med innøving og framføring av dikt av Jakob Sande.
1300 Velkomst og ord ved Nikka Vonens minnestøtte ved varaordførar i Fjaler, Marte Haugsbakk. Vandring til Jakob Sandes æresstøtte og ord der ved ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal.
1330 Lunsj i Løa Ord ved dagleg leiar i Sandesenteret, Rakel C. W. Solheim
1445 - 1545 Brautometeret. Danning då og no. Innlegg ved Arne Osland frå UWC. Samtale med Ørjan Z. Johansen frå Jærmuseet.
1600 “Verda slik vi kjenner ho” ved Tidsskriftet Jaja. Meir informasjon kjem.
1800 Opning av årets sommarutstilling i Bestefarstaua.
1900 Middag i Løa
2000 Føredraget “Tindesportens far Slingsby og Nikka Vonen” ved Inge Kjell Holme i Løa.
Torsdag 19. juni
0800 Morgontur. Kulturvandring ved kultursjef i Fjaler, Ingeborg Tysnes.
0900-0945 Ord for dagen Danning idag. Filosofiske perspektiv. Ved akademi-filosof Pedro Vincent Dias Bergheim frå UiB på Steia gard.
1000 - 1300 Kurs skriftleg forteljekunst // parallelle kurs
Kurs 1 Skapande skriving ved Demian Vitanza
Kurs 2 Skriveteknikk ved Irene Kinunda Afryie
1300 Lunsj i Løa.
1400 - 1500 Den immaterielle kulturarven og framtidas forteljarar i museumssektoren. Samtale mellom Garborgsenteret, MiSF, Ibsensenteret, Sandesenteret, Nynorsksenteret og UiS.
1600 Vandring med tur- og sogelag. Markering av UNESCO-statusen.
1800-1900 Sande sitt matbord i Løa.
2000 “Ønskediktet”. Dikt lese av engasjerte i Sandesenteret og deltakarar på kurs i verselesing. Open mikrofon.
Fredag 20. juni
0800 Morgontrening/bad med Ingvild Kjøsnes i Samspel i tunet/badevika
0900 Ord for dagen Gå som guten ved Gunnstein Akselberg i Gamle skulehuset
1000-1300 Kurs i munnleg forteljekunst // parallelle kurs
Kurs 1 Improvisasjon– å finne historia her og no, ved Veslemøy Mørkrid frå Det andre teatret
Kurs 2 Presentasjonsteknikk ved Irene Kinunda Afriyie.
1300 Lunsj og filosofisk kafè ved Pedro Vincent Dias Bergheim
1500-1700 Oppdagelsesferda Den hemmelege hagen. I Nikka Vonens hage Frydenlund.
1800 “Eld og forteljekunst”. Føredrag ved Demian Vitanza.
1900 Jonsokfeiring i Klokkargarden.
Måltid er ikkje inkludert.