Vinylkvisskåseri med Arild Torvund Olsen

Platesamlar og høgskulelektor Arild Torvund Olsen kjem til Sandesenteret for å halde kviss og kåseri om nynorsk platehistorie.

08.08.2025 19:30 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Litteratursalong med Kjartan Hatløy i samtale med Sivert N. Nesbø

Møt Kjartan Hatløy i samtale med Sivert N. Nesbø om Hatløys siste utgjeving Mot kaos.

09.08.2025 12:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Litteratursalong med Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan. I Løa

Møt Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan om hennar nyaste bok, Menn som nesten elska meg. I denne ærlege og sårbare memoarforteljinga skildrar Sele sju år med dating, forelskingar, kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv.

09.08.2025 14:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Nye vegar i Sande si dikting? Ein samtale mellom Ove Eide og Ingvild Bræin

Samlaget har trykt opp eit nytt opplag av Ove Eide sin biografi om Jakob Sande. Dette markerer vi med ein samtale om Jakob Sande, forteljekunsten og dei ulike vegane til Sande si dikting.

09.08.2025 15:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme

Far og son, dikt og film: Ingvar Nistad, lyrikar frå Fjaler, og sonen Sverre Kvamme, filmskapar frå Fusa, møtast på Ingvars heimebane under Fest i Fjaler. Nistad deler dikt frå sitt særeigne poetiske univers, medan Kvamme viser ein personleg kortfilm om bestemor Gunnlaug og hennar liv som den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden.

09.08.2025 16:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Fest i Fjaler: Augustikveld i Klokkargarden

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden, du veit,
eg lå utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.
I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,
men det var ei jordisk kveldsol som skein på ei jordisk strand.

09.08.2025 20:00 @ Stad: Klokkargarden, staden der diktar og forteljar Jakob Sande vaks opp, og som er hovudsete for senter for forteljekunst. Og Steia gard, der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907. Begge kulturmiljø av nasjonal betydning.
Kåseri med Halvor Folgerø

Halvor Folgerø, forfattar, musikar og journalist frå Stord, held kåseri i Løa. Gunnstein Akselberg introduserer. Folgerø har ei lang karriere i NRK, der han har jobba med alt frå nyhende og humorprogram til "Eides språksjov". Som forfattar har han gjort suksess med bøkene "Vestlandsvegar" og "Fleire vestlandsvegar", og i 2024 følgde han opp med "Ferjefolket", om livet på dei ikoniske norske ferjene.

10.08.2025 12:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
Årets siste sommarsalong – Vivian Midttveit fortel.

I frigjeringsåret 2025 er det viktigare enn nokon gong å løfte fram historia om motstand, offer og konsekvensar frå andre verdskrig. Forfattar Vivian Midttveit kjem for å dele gripande forteljingar frå boka si, Krigens fargar: Levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg, der ho gir stemme til ei av dei mest dramatiske hendingane i norsk krigshistorie.

10.08.2025 14:00 @ Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst
page view image

Jakob Sande - senter for forteljekunst

Street : Nikka Vonens veg 31-35
City : Dale i Sunnfjord