Samtalen

Basert på samtalar med ungdommar både i Trondheim og i Fjaler, vert dette ein poetisk og musikalsk lydinstallasjon, der samspelet mellom stemmer, lyd, musikk og tekst kjem fram. Korleis lyttar vi? Til andre sine stemmer, til våre eigne indre stemmer, til romma og situasjonane som oppstår, til resonansen i det vi møter, til ro og uro? Høgtalarane brukast for å skape ulike lydrom, frå det heilt intime til det store opne, der vi alle saman sit lyttande i installasjonen.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

I veke 15 er Tone Åse i residens i Sandesenteret, for å arbeide med «Samtalen- ei soloframsyning med fleire stemmer». Framsyninga hadde premiere i Trondheim i juni 23, og i det vidare arbeidet med framsyninga, ønskjer Tone involvere fleire stemmer, og då stemmer frå staden der framsyninga skal visast. Difor har Tone allereie vore ein tur i Dale for å snakke med ei gruppe ungdomsskuleelevar ved Dingemoen skule, og no etter ei vekes arbeid ved Sandesenteret og i Samvirke, inviterer ho til opa vising sundag 14.april kl. 14.30.

Tone Åse, ide, komponist og utøver

Medskaparar:

Tale Næss konsulent/dramaturg

Eirik Bleikesaunet, lydkunstner/designsr, teknologiske løysingar

Ingrid Skanke Høsøien, lysdesign

Ungdom i Trondheim og Fjaler



Meir om Tone Åse (www.toneaase.no):


Tone Åse er ein norsk improvisasjonsmusikar og komponist som gjennom ei årrekke har utforska og utvida si rolle som vokalist både akustisk og med det elektroniske instrumentariumet. Åse formidlar intuitivt og poetisk i eit stort og unikt spenn mellom språkliknande passasjar, lyriske melodiar, soniske landskap og støy. Ho var ei av dei første leiarane av vokalensemblet Trondheim Voices der ho framleis er svært aktiv, og har turnert og gjeve ut ei rekke plater i samarbeid med musikarar som mellom anna Ståle Storløkken, Tor Haugerud, Hans Magnus Ryan, Stian Westerhus, Thomas Strønen, Marilyn Mazur, Live Maria Roggen og Sten Sandell, for å nemne nokre. Ho har komponert musikk for eigne ensemble, kor, vokalensemble, film og teater. Ho er både frilansmusikar og professor ved Institutt for musikk ved NTNU, og dette prosjektet er òg ein viktig del av hennar kunstnariske utviklingsarbeid ved instituttet.


Tone Åse har sterke band til regionen, med slekt frå Bygstad, Åse og Lien, og stadig med Bygstad/Sygna som favorittstad om sommaren. Såleis er det særleg hyggeleg for Tone å få setje opp dette i vårt distsrik, her i Dale, i samarbeid med Jakob Sande- senter for forteljekunst og Preform i Samvirke.

Organizer
Jakob Sande - senter for forteljekunst