Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Reidun Elise Foldøy held kurs i skapande skriving ved Jakob Sande-senter for forteljekunst under sitt residensopphald. Kurset legg vekt på skriveglede og utforsking av eiga skriving, og byggjer på enkle i-gong-setjande øvingar som passar for alle, både dei som har skrive mykje frå før, og dei som berre vil teste det ut, dei som skal få andre til å skrive eller dei som vil skrive for eiga skuld.
Kurset varer om lag 1,5 time.
Reidun Elise Foldøy er fødd i 1971. Ho vann Vinduets novellekonkurranse i 2007 og har gjeve ut novellesamlinga Ein stad å møtast (Aschehoug, 2008) og romanen Vridd (Ylajali, 2021). Ho er lærar ved Osterøy vidaregåande skule og har lenge undervist i kreativ skriving ved Åsane folkehøgskule. Foldøy har òg erfaring frå Den kulturelle skulesekken, med skrivekurs for ungdom.
Det er avgrensa plassar på kurset.
Foto: Helge Skodvin