© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Mieko elskar å danse! Særleg når ho får bruke shorts og T-skjorte i staden for den dustete strømpebuksa og den trange drakta. Aldri før har Mieko spunne så fort eller hoppa så høgt! Men kvifor blir Mieko plassert på hopp-gruppa? Der er det jo berre gutar! Mieko danser er dansar og koreograf Mariko Miyata-Jancey si første bok. I år er Mariko også aktuell med den andre boka om Mieko, Mieko på dansecamp.
Biletboka er illustrert av Skinkeape/Marianne Gretteberg Engedal og vann Kulturdepartementets bildebokpris for 2024. I 2025 ga ho også ut boka Hanna og Hani, om klimaangst, vennskap og identitet.
Mariko Miyata-Jancey (f. 1989) er dansar og koreograf, og har lang erfaring med formidling og framsyningar retta mot barn og unge. Miyata-Jancey har ein master i koreografi frå KHiO og ein master i barne- og ungdomslitterær skrivekunst og formidling ved NBI.
Mariko kjem til Fest i Fjaler med eit barneprogram som passar godt for barn frå 3 til 10 år.
Programmet vert på Lokalet i Studio Nova.
Foto: Erik Brandsborg