Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme

Far og son, dikt og film: Ingvar Nistad, lyrikar frå Fjaler, og sonen Sverre Kvamme, filmskapar frå Fusa, møtast på Ingvars heimebane under Fest i Fjaler. Nistad deler dikt frå sitt særeigne poetiske univers, medan Kvamme viser ein personleg kortfilm om bestemor Gunnlaug og hennar liv som den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Ingvar Nistad (f. 1954) er forfattar og lyrikar frå Fjaler. Nistad debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege. Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

I tillegg til forfattargjerninga er Ingvar Nistad også keramikar og lærar. Han bur i Fusa.

Ingvar kjem heim til Fjaler saman med sonen sin, Sverre Kvamme. Sverre Kvamme har en bachelorgrad i samtidskunst, studerte film ved European Film College i Danmark og Nordland kunst- og filmhøgskole. Han har ei personleg tilnærming til eigen prosess som filmskapar, og utforskar tematikk rundt kjønn, barndom, død og sorg. I 2021 langfilmdebuterte han med dokumentaren Nattebarn. Under Fest i Fjaler viser Sverre ein kortfilm han har laga om bestemor si, Gunnlaug, frå tida då ho var den  siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden. Der kor tida gjekk sakte og ein hadde god tid til det meste.

Programpost i samarbeid med Rom for ord. 

Organizer
Jakob Sande - senter for forteljekunst