page view image

Foredrag med Ben Ward — draumen om eit enklare og meir komplisert liv

Korleis går ein frå storbyliv i London til eit veglaust småbruk i Sogn? I dette foredraget deler Ben Ward historia om draumen som lokka han til fjells, utfordringane som møtte han, og korleis livet på Kroken formar både garden og han sjølv.

Informasjon
event image

Kjent frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har Benjamin Ward gjort sterkt inntrykk på publikum med forteljingane om livet på godt og vondt og gjenreisinga av fjellgarden Kroken i Luster. I foredraget deler han historia om korleis han forlot London for å skape eit nytt liv på ein veglaus gard i Sogn, ein draum som kom med store utfordringar og oppdagingar. Ward trudde han skulle setje garden i stand, men oppdaga at det var han sjølv som måtte byggjast opp att. I dag står Kroken som eit døme på kva som kan skje når ein held fast ved draumen, sjølv når motstanden er stor.

Foredraget er i Løa og vert på engelsk.  

Etter foredraget kan du sikre deg ei signert utgåve av boka om fjellgarden Kroken, som Ward kom ut med i 2025. 

Billettar i Ticketco og i døra. 

Dørene opnar 19.30. Foredraget startar kl.20. 

Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet.