page view image

Augustikveld i Trudvang

10. august er det 70 år sidan Jakob Sande skreiv det ikoniske diktet “Då Gud heldt fest i Fjaler”. Dette feirar vi med ein storslagen fest i Trudvang. Det kjem eit stjernelag av artistar og formidlarar for å feire jubileet. Her vil både lokalt og nasjonalt forankra formidlarar tolke Jakob Sande musikalsk på godt kjende, men også nye måtar.
Det vert nyskriven prolog, forteljing om årets tema Lengt, urframføringar og til sist konsert med Jubelhornet.

Information
event image

Desse deltek:
Brynjulf Jung Tjønn
Irene Kinunda Afriyie
Jubelhornet
Sturle Sandvik
Ragnhild Felde

Erling Haugsbø
Henrik & Øystein

Irene Kinunda Afriyie ein allsidig kunstnar og samfunnsdebattant. Ho har i fleire år vore ein viktig profil i mangfaldskonseptet Fargespill og var mellom anna solist på Nobelkonserten i 2018. Irene har ein humoristisk måte å reflektere rundt sin plass i det norske samfunnet, og i 2023 fekk ho Sjur Holsens minnepris, for måten ho bidrar med substans og humør i samfunnsdebatten. Irene debuterte også som forfattar i 2023 med boka Jeg er fordi du er - fortellinger om mitt Norge, eit kritisk skråblikk på nordmenn og på integrering i Noreg. Ho er ei ærleg og uredd stemme blant anna som fast gjestekåsør i Bergens Tidende. No er vi så heldige at ho kjem til Fest i Fjaler!

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er i 2013, og i 2019 blei Smadra (2018) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. og Kritikerprisen i 2022 for diktboka Kvit, norsk mann.

Henrik & Øystein
I søt duett syng Henrik & Øystein norsk popmusikk frå før-, mellom- og etterkrigstida. Slagarar av Kurt Foss & Reidar Bøe, Gerd & Otto Nielsen, Engeldahl/Stordahl og mange fleire. For Fest i Fjaler tek Henrik & Øystein med seg eit utval av Foss & Bøe sine tonesette dikt av Jakob Sande.

Jubelhornet er ei gruppe frå Fjaler som har eksistert i mange år og baserer sine konsertar på eit utval av tekstane til Jakob Sande. Dei fleste av tekstane og musikken er eit kjent og folkekjært stoff for mange. Gruppa har bakgrunn i Dale ungdomslag, som spelte Jakob Sande-revyar på 80-talet. Revyen var ein suksess, og blei vist 24 gongar i løpet av nokre år. Jan Haugen var igangsettar, pådrivar og aktør, medan Jørgen Alisøy var orkesterleiar og musikalsk arrangør.
Etter glansperioden kom visegruppa til, og etter at nokre har flytta frå, og nokon diverre gått bort, har nye komme til. I dag består gruppa av: Thomas Losnegård, Joy Taylor, Anne Marte Ospedal Haugen, Egil Furenes, Jørgen Alisøy og Jan Haugen.

Ragnhild Felde er 14 år gamal og kjem frå Dale i Sunnfjord. Trass sin unge alder, har ho allereie synt fram ved fleire høve at ho er eit lovande songtalent. På Fest i Fjaler skal framføre si tolking ein den kjærkomne Jakob Sande-teksten “Du er min los”.

Sturle Sandvik er gitarist, multi instrumentalist og komponist frå Flekke i Fjaler. Til Augustikveld tek han med seg gitaren for å syne fram noko av has eigne komposisjonar, samt eit nyskrive stykke basert på diktet “Då Gud heldt fest i Fjaler”.


Konferansierer er Ingrid Nedrebø og Jens Brekke

Jens Brekke er ein kulturarbeidar og forteljar frå Vik i Sogn. 73-åringen har gjeve ut fleire bøker og hefter, mellom anna Illustrert tyleskap med småhistorier og skrøner og Dei seie so… om sogningen, sunnfjordingen og nordfjoringen. Han var fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

Ingrid Nedrebø er ein 27 år gamal kulturjournalist og musikar frå Straumsneset i Fjaler. Som born av korpsdirigenten i kommunen, har dragninga mot utøving av musikk vore kort heile livet og ho er utdanna musikkvitar. For nokre år sidan skifta ho beite frå musikk til journalistikk, og dei siste åra har ho mellom anna arbeidd i NRK Kulturnytt og vore programleiar på P1.


Billetten inkluderer også inngang på MuteMode seinare på kvelden.


forteljekunst