© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Katherine Mansfield var ein av dei verkeleg store fornyarane av den moderne novella, og ein sentral figur i den engelskspråklege modernismen. Fødd i Wellington, New Zealand, levde ho størsteparten av livet sitt i Europa, der ho, som ein outsider i dei litterære miljøa i London, utvikla ein særeigen forfattarskap som skildra menneskelege relasjonar med ein psykologisk presisjon og eit intenst nærvær.
Novellene hennar var radikalt annleis enn alt som hadde kome før: fragmentariske, stemningsmettande og utan dei tradisjonelle plotta. I staden lét ho små augneblink av innsikt og kjensle bere forteljingane.
Hageselskapet og andre forteljingar er høgdepunktet i forfattarskapen hennar – skrivne dei siste åra av livet, då ho var alvorleg sjuk, men på sitt mest kunstnarleg klarsynte. Novellene fangar overgangane mellom barndom og vaksenliv, mellom sosial konvensjon og sårbar erkjenning.
Mansfields evne til å gi det kvardagslege ein glød av innsikt har gjort henne til ein klassikar i verdslitteraturen – og til ein forfattar som stadig blir lesen som om ho skreiv i går.
Tove Bakke er oppvaksen i Sunnfjord og Gudbrandsdalen og bur no i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo i faga fransk, spansk og litteraturvitskap.
Bakke har omsett og gjendikta ei rekkje bøker frå fransk, spansk, portugisisk og engelsk. Fleire av omsetjingane hennar er prisløna, og ho har blant andre vunne Samlagsprisen (2008), Rosettaprisen (2021) og Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 2022 for samla verk. Tove Bakke har også skrive forordet i boka til Herbjørn Sørebø og Ludvik Eikaas: Fløytelåt. Eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande. Boksingelen til Sandevenen Jeaninne Masika Harrysson Alt godt som enno ventar inneheld fire dikt og er gjendikta til nynorsk i samarbeid med Tove Bakke.
Møt omsetjar Tove Bakke, som no let Katherine Mansfield debutere på nynorsk med «Hageselskapet og andre forteljingar».
Denne første sommarsalongen vert utandørs om veret tillet det og inne i Løa (nede) elles.