Ove Eide om kvinnene i Sande sin forfattarskap
Korleis skildra Jakob Sande kvinnene i dikt og noveller? Sande-biograf Ove Eide har sett nærare på kvinneportretta i forfattarskapen – frå fattige bygdekvinner og sterke personlegdomar til konfliktfylte relasjonar og kvinnefigurar prega av tronge livsvilkår.
I Jakob Sandes forfattarskap møter vi mange kvinner, nokre i detaljerte portrett, andre meir i forbifarten – men felles for fleire er at dei er fanga i eit trongt miljø utan store voner om lukke. Dei fleste kvinnene høyrer til i husmanns- og småbrukar-heimar, bondekoner er fråverande, og overklassekvinnene er sjeldne – og karikerte.
Jakob Sande gav ut ni diktsamlingar frå debuten i 1929 til 1961. Samla viser dikta eit mangfald av tema, haldningar og verdiar - frå djupaste alvor til folkeleg humor. Kvinnene i Sandes diktverd kan delast i to hovudgrupper: I den eine finn vi skildringar av kvinner i bygdemiljøet, både humoristiske og alvorlege, fortalde av ein som ser inn på folk og miljø utanfrå. I den andre gruppa er kvinnene opplevde gjennom eit kjenslevart, mannleg sinn.
Jakob Sande gav ut tre novellesamlingar (1935, 1943 og 1946), med til saman 26 noveller. Tekstane er folkelivsskildringar, med vekt på sosiale skilje og fattigdom, skildra med skarpe kontrastar, overdrivingar og burlesk humor. Kvinnene har ulike roller i forteljingane: Dei er sjølvsagt mellom bygdefolket, utan å bli trekte spesielt fram, eller dei er del av ein relasjon, som ektefelle eller kjønnsobjekt. Nokre få er portretterte som særmerkte personlegdomar. Fleire noveller viser fram ulukkelege og konfliktfylte parforhold. Ei årsak til dette er sosial og kulturell skilnad, der mannen er den underlegne. Konene er strie, kalde, avvisande, vonde. Mannen er svak, utan sjanse til å hevde seg.
Bli med når Ove Eide fortel meir om kvinnene i Sande sin forfattarskap.
Stad: Løa oppe
Billett via Ticketco og i døra.
Foto: Ove Eide og Ludvig Eikaas sitt trykk "Taterkjæring". Eigar: Eikaasgalleriet/MiS