page view image

Nattspel med Black Hauge

Black Hauge avsluttar laurdagskvelden under Fest i Fjaler med nattspel i tunet 15. august! Der møtast Olav H. Hauge si ikoniske røyst og dikting eit av dei mest nyskapande kunstnariske samarbeida i landet. Gjennom sampla opptak, improvisasjon og eksperimentell musikk gir Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio nytt liv til Hauge sine ord. Resultatet er ei særprega framsyning der poesi, lyd og kulturarv blir utforska på nytt.

Information
event image

Poesikonsert med Black Hauge under Fest i Fjaler!

I 2021 samarbeida forfattar Erlend O. Nødtvedt med Erlend Apneseth Trio om tingingsverket “Black Hauge” til Ulvik Poesifestival. Verket tok utgangspunkt i Olav H. Hauges dikting, og baserte seg på Hauge si eiga stemme. “Black Hauge” vart eit nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk. Felles for uttrykket til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og til dømes inkorporerer arkivopptak av stev og lokkar i sin musikk, forheld forfattaren seg aktivt til tradisjonen i form av sitat, hyllestar og omskrivingar. 

Det er interessant i seg sjølv når ein av landet sine mest lovande unge forfattarar samarbeider med ein nyskapande og kreativ konstellasjon innanfor musikklivet, men når dei så går saman om å omforme og rekontekstualisere ein kjær norsk lyrikar, skjer det noko heilt særegent. Fokuset på det soniske og rytmiske ved poesien til Hauge, samt ein nærstudie av dei lydlege kvalitetane i sjølve stemma hans, opnar for nye tolkingar av Hauge sine dikt, der poesien framstår i nyvaska drakt. 

På Fest i Fjaler er poesikonsert med Black Hauge siste nummer ut under nattspel i tunet laurdag 15. august. 

Black Hauge er:

Erlend O. Nødtvedt - samples, stemme, elektronikk
Olav H. Hauge - sampla frå opptak
Erlend Apneseth - hardingfele
Stephan Meidell - Baritongitarar, samples, modulær synth
Øyvind Hegg-Lunde - Akustiske og elektriske trommer, perkusjon

På slutten av 80-talet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der en ny generasjon går i dialog med ein av våre kjæraste poeter. Hauge sine eigne innlesingar blir tonsett og besvarte improvisert over, men og manipulerte. Vi møter til dømes det folkekjære diktet "Det er den draumen" i ein ni minutt lang utstrakt versjon, medan andre dikt blir samplet og loopet på ein måte som belyser Hauge sin særeigne rytmikk og prosodi. Poesikonserten kan fungere både som ein introduksjon og reaktualisering av Hauge sin poesi, samtidig som den viser fram korleis ein aktivt kan forhalde seg til eigen kulturarv og gjere den til sin eigen. 

Trioen Erlend Apneseth, Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonene her i landet, med sin særeigne blanding av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Alle tre utgjevelsane deira har blitt nominert til Spellemannprisen, og dei fekk og Spellemannprisen for «Salika, Molika» (2019). Dette albumet vart også nominert til den prestisjefylte Nordic Music Prize, som ein av årets beste skandinaviske album.

Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til ein av Noregs 10 mest betydningsfulle forfattarar under 35 år av Morgenbladet, og diktsamlinga «Bergens Beskrivelse» kom med på NRK si store kåring av dei mest betydningsfulle bokutgivelsar i det førre tiåret. Han har gitt ut fire diktsamlingar, to romanar, deriblant den kritikarroste "Vestlandet", og motteke ei rekke prisar for sitt forfattarskap, deriblant Bjørnsonstipendet og Premio Ostana.


Du kan kjøpe billett til kun nattspel. Har du billett til Augustikveld i Klokkargarden inngår billett til Nattspel med Black Hauge i den.