page view image

Kyrkjekonserten "Angen av alt som gror"

Ei livskraftig blanding av poesi og musikk avsluttar årets Fest i Fjaler – med blikket vendt mot vekst og det som held fram. I kyrkjekonserten «Angen av alt som gror» møter tekstane til Ivar Orvedal musikken til Sara Salverius, Jean-Philippe Poncin og Eva Bjerga Haugen.

Information
event image

Sara Salverius (BEL, trekkspel)

Jean-Philippe Poncin (BEL, klarinett, bass-klarinett, tenora)

Ivar Orvedal (NOR, poesi, stemme)

Eva Bjerga Haugen (NOR, sang)

Ivar Orvedal debuterte som poet i 1979 og gav ut fleire eigenarta bøker på åttitalet, mellom dei ei illustrert med grafikk av Edvard Munch. Før han vende attende til poesi- og plateutgivingar i 2020, arbeidde han også som økologisk småbrukar og musikkmeldar. Difor er det naturleg for han å invitere med seg nokre av dei fremste og mest personlege musikarane vi kan finne – gjerne med sikte på ein kombinasjon som kan skape nye, enno uhøyrde tonekjemiar.

Eva Bjerga Haugen, pianist og vokalist med mastergrad i improvisasjon, evnar å glede eit stort publikum, ikkje minst med sine uortodokse salmealbum og ein av dei finaste tolkingane av "Det lyser i stille grender". Like fullt er ho ein "musikarane sin musikar". Pianisten Kjetil Bjørnstad fortel at han for ei plateinnspeling leita i fleire år før han oppdaga Eva, og at ho er den einaste som jamvel kan løfte fram tankane i ein sang. Fraseringa til Eva Bjerga Haugen er meisterleg og presis utan at ho mistar sin personlege varme og identitet. Vi får oppleve ein musikalitet vi må attende til Radka Toneff for å finne maken til.

Sara Salverius studerte klassisk trekkspel på høgt nivå hos Philippe Turiot ved universitetet i Gent. Deretter har ho lang erfaring som improviserande frilansar innan folkemusikk og verdensmusikk. Ho tok til å komponere sin eigen musikk i 2018, etter tragedien då søstra hennar tok sitt eige liv. Trapped in Sight og Equinox er unike album som viser korleis teknisk virtuositet og menneskeleg nærvær kan sameinast i trekkspelmusikk. Jamdøgn (equinox) er eit fint omgrep for den skjøre balansen mellom lys og mørkre. Sara kan få trekkspelet til å formidle sorga sin gråt, medan det kort tid etter rungar som eit symfoniorkester. Den sterke dynamikken mellom varsam melankoli og pasjonsfylt livskraft fører tanken til ein av våre djupaste diktarar: «...ein er da ikkje vonlaus for det om der ikkje er noka von lenger?» (Olav Duun). 

Jean-Philippe Poncin er utdanna klassisk klarinettist og spelar også tenora. Han interesserer seg for eit breitt spekter av musikk, frå tidlegmusikk og klassisk repertoar til improvisasjon og samtidsmusikk. Evna hans til lytting og dialog kjem særleg fint fram i samarbeid med Sara Salverius, til dømes på albumet Verhalen Zonder Woorden (Forteljingar utan ord), der dei to instrumenta lèt oss høyre kva dei har til felles av pust og vibrasjon i vår dramatisk pulserande klangverden.

I Dale kyrkje 16. august, får vi høyre korleis ei slik musikalsk forteljing vil lyde når det også skal setjast ord til – korleis klanglege og poetiske utfordringar blir løyste vakkert og respektfullt når fire personlege stemmer møtest for første gong. Tittelen på framføringa er henta frå Jakob Sande sitt dikt "Morgon på Kobbeskjeret", i vårt høve lesen som ei stund då kvinner og menn i nærkontakt med naturen kjenner seg som frie folk. Den er elles bygd opp kring tekstar frå Parapoetica, den nye boka til Ivar Orvedal. Parapoetica er poesi som nærmar seg villmarka og menneskenaturen, side om side med tidlaus og oppdatert kunnskap om vilkåra for livet på jorda – kva energiar og ressursar vi har, og korleis brukensav dei får ulike fylgjer. Rørsle, forbruk, tanke og handverk er avgjerande for kor lenge vi kan leve under dei tilhøva vi sjølv skaper. 

Billettar via Ticketco og i døra.