page view image

Aina Basso i samtale med Hege Duckert

Møt Aina Basso i samtale med Hege Duckert om ungdomsromanen Før det blir morgon laurdag under Fest i Fjaler.

Information
event image

Med sine prisvinnande historiske romanar, løftar Basso (f. 1979) fram røyster frå historia som ofte blir gløymde. Særleg skriv Basso om kvinnelege liv, erfaringar og vilkår. Basso har eit lyrisk, originalt og presist språk, og seier mykje i si stilsikre og ordknappe form. I arbeidet sitt legg ho i stor grad historiske kjelder til grunn, og til liks med Sande samlar ho forteljingar og løftar dei som levde i trange kår. 

På Fest i Fjaler samtalar Basso med Hege Duckert om ungdomsromanen Før det blir morgon, ei bok som vann Kulturdepartementet sin litteraturpris i 2025 og som er nominert til Urpisen for beste ungdomsbok. 

Om boka:

Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.

Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.

Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.

I Fjaler samtalar Basso med Hege Duckert. Hege Duckert er journalist og forfattar. Ho har tidlegare vore kulturredaktør i NRK og i Dagbladet, og redaktør for Dagbladet Magasinet. Ho har gjennom ei årrekke markert seg som ei tydeleg stemme i norsk offentlegheit. 

Hege Duckert har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Mitt grådige hjerte, om Simone de Beauvoir, Frida Kahlo, Karen Blixen og Billie Holiday, samt Norsk kvinnehistorie på 200 sider og den kritikarroste biografien Katti Anker Møller

Samtalen vert i Løa oppe. 

Foto av Aina Basso: Oda Berby