Kåseri med Halvor Folgerø

Halvor Folgerø, forfattar, musikar og journalist frå Stord, held kåseri i Løa. Gunnstein Akselberg introduserer. Folgerø har ei lang karriere i NRK, der han har jobba med alt frå nyhende og humorprogram til "Eides språksjov". Som forfattar har han gjort suksess med bøkene "Vestlandsvegar" og "Fleire vestlandsvegar", og i 2024 følgde han opp med "Ferjefolket", om livet på dei ikoniske norske ferjene.

page view image
Event date

Sunday 10 Aug 2025 12:00

Ends Sunday 10 Aug 2025 13:00
order

Available items

Medlem i Jakob Sande-selskapet/samlagsrota
Ikkje medlem i Jakob Sande-selskapet/samlagsrota
event image

Event information

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no, så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.



Organizer
Jakob Sande - senter for forteljekunst