page view image

Palestina før Israel // Føredrag i Løa

Kva er bakgrunnen for den pågåande Israel-Palestina-konflikten? Kva kan historia lære oss for å forstå dei grusomme hendingane betre?

Palmesundag kjem Midtausten-historikar Magnus Halsnes til oss i Sandesenteret. Magnus vil fortelje og forklare opphavet til det moderne Midtausten, med hovudfokus på perioden fram til etableringa av Israel i 1948.

Information
event image

Føredraget vil ta føre seg opphavet og skapinga av det moderne Midtausten, med utgangspunkt i Palestina og det britiske Palestina-mandatet, og leggje vekt på perioden frå første verdskrig og fram til etableringa av staten Israel i 1948. Føredraget vil difor forsøkje å gje eit innblikk i ein viktig periode der grunnsteinane og fundamentet for den seinare konflikten blei lagt.


Magnus Halsnes er Midtausten-historikar frå Dale i Sunnfjord. Han har budd fleire periodar i Midtausten og skriv på ein doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig. Magnus jobbar i dag som forskingsrådgjevar ved Universitetet i Bergen.


Billett i Ticketco og i døra