Seminar om Gunnhild Øyehaug sin forfattarskap
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.
Program miniseminar og utdeling:
10.00: Velkomen ved dagleg leiar i Sandesenteret, Rakel C. W. Solheim
10.10: Orientering om Samlagsprisen v/ jurymedlem Erling A. Westgaard Flote
10.20: Utdeling av Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug
10.40: Grunngjeving for tildelinga av Samlagsprisen v/ jurymedlem Erling A. Westgaard Flote
11.00: Helsing frå forleggar Bjørn Wiedlocha Aagenæs, Kolon forlag
11.15: Samtale med Gunnhild Øyehaug v/ Jan H. Landro
12.00–12.45: Lunsj
12.45–15.30: Seminar: «Gunnhild Øyehaug i eit nøtteskal»
- Kl. 12.45–13.30: Skuleelevar og studentar frå mellom anna RCN United World College stiller spørsmål til Gunnhild Øyehaug. UWC har framsyning av ei dramatisert scene frå «Gunnhild, kona til Eirik Blodøks».
- Kl. 13.30–14.00: Framsyning av Gunnhild Øyehaug/Yngvild Sve Flikkes film Eple
- Kl. 14.00 –14.10: Juryens yndlingssitat frå Gunnhild Øyehaugs litterære univers
- Kl. 14.10–14.40: Litterære kjenneteikn hos Gunnhild Øyehaug v/ Ingvild Bræin
- Kl. 14.50–15.20: Akademiske kjenneteikn hos Gunnhild Øyehaug v/ Ingrid Nielsen
- Kl. 15.20–15.30: Diskusjon og oppsummering v/ jurymedlemmane Gunnstein Akselberg og Ingvild Bræin
Støttegivarar: Sande-senteret, Det Norske Samlaget/LItteraturselskapet, Norsk Forfattersentrum, Kolon forlag.