page view image

Bokstaveleg bokbad med Siri Bjorstad Hjermann

Eit friskt fjordbad og ein time med høgtlesing har vist seg å vere ei populær oppskrift. 31. juli inviterer Siri Bjorstad Hjermann til Bokstaveleg Bokbad i Fjaler.

Information
event image

Kva skjer når ein kombinerer eit friskt sjøbad med høgtlesing av god litteratur? Det er idéen bak Bokstaveleg Bokbad, der deltakarane først badar i fjorden, før dei samlast til ei stund med høgtlesing i ei avslappa og uhøgtideleg ramme.

Bak konseptet står Siri Bjorstad Hjermann, filolog ved Florø vidaregåande skule og initiativtakar til Instagram-kontoen Litt.ilag. Gjennom ulike litterære møteplassar ønskjer ho å samle folk rundt gode leseopplevingar.

Bokstaveleg Bokbad starta spontant og leikent, og kan i november feire tre år. Arrangementet har blitt så populært at det ofte er venteliste. Deltakarane omtalar opplevinga som "yoga for hjernen" og som "å træ perler på kvardagskjedet", eit pusterom med nærvær, fellesskap og nye perspektiv.

Siri Bjorstad Hjermann er leseleiar i Shared Reading-metoden, ein internasjonal lesemetode utvikla i Liverpool på 1990-talet av Jane Davis. Metoden byggjer på at litteratur blir delt gjennom høgtlesing og felles refleksjon, utan krav om førebuing eller prestasjon.

Hjermann har tidlegare vore på residensopphald ved Sandesenteret, og kjem no tilbake til Fjaler for å invitere til Bokstaveleg Bokbad.

Velkomen til ein annleis litteraturkveld med fjordbad, høgtlesing og godt lag ein fredag i juli.

Vi møtest kl. 19.00 i Badevika i Dale for eit fjordbad, før vi går til skulehuset i Sande-tunet for høgtlesing og noko varmt å drikke.

Ta med badeklede og ein varm gensar! 

Medlem i Jakob Sande-selskapet: 150,-

Ikkje medlem: 200,-